Nominert til Årets Fyrtårn

Forsamlingshuset Ljosheim

Folkestad, Volda

Hero image

Fra nominasjonen

Hausten 2023 vart det slik at ein i styret for Forsamlingshuset Ljosheim flytta frå Folkestad, og nokre av dei andre styremedlemen var så gamle at dei såg seg ikkje syn med å sitje i styret vidare. Dermed såg det ut til å verte eit hus utan ljos. Så fekk eg, som bur i nabokommunen, men som ættar frå Folkestad, kalla inn til eit ekstraordinært møte 18. desember 2023, og der møtte heile 17 personar opp. Dermed fekk vi valt eit nytt styre, der eg har vore med som varamedlem. Eg er imponert over det som styret i flott samarbeid med fleire andre dugnadsfolk har fått til på kort tid. Likkjesalen er fullstendig renovert, kjøkkenet er mykje renovert, det er montert tre varmepumper i huset, og der ein tidlegare måtte fyre i dagesvis med ved for å halde varmen vinterstida, er straumrekningane no høge, men varmen stabil. Vidare har styret sytt for at yttertaket er vølt, og det har vorte arrangert ulike møte og basarar, slik at ein har fått inntekter til huset. Vi har hatt ein spleis, slik at taklånet ein hadde vart nedbetalt, og der er i dag mange som brukar huset til ulike aktivitetar. Det er veldig kjekt for sitjande styre å oppleve. Då skular på Vestsida i Volda var nedleggingstruga i fjor, møttest fjordafolket frå alle bygdene til folkemøte på Forsamlingshuset Ljosheim. Her har det også vore fleire gravferder og minnesamvær sidan det nye styret tok over drifta. Fjordafolket treng forsamlingshus, og møtestadar til både gleder og sorger. Som tidlegare leiar for ein organisasjon som eig to forsamlingshus i Ørsta kommune, er eg imponert over kva styret og frivillige har fått til på kort tid på Folkestad. Difor vert eg med glede med dei vidare i arbeidet for å sikre ei god drift på Ljosheim også i framtida. 25. mars 1956 vart huset opna. Nøyaktig 70 år etterpå vert det eit møte på huset. Skulle det vere behov for ytterlegare info om huset og drifta, har avisene Møre i Volda og Møre-Nytt i Ørsta skrive om oss ved fleire høve dei siste åra. Det er flott at de vel å støtte kystfolket med slike ordningar. Berre ta kontakt med meg viss de treng fleire opplysningar. Mvh Hjørdis Almelid Vikenes