Nominert til Årets Fyrtårn
Mona Karin Vaktskjold
Manger, Radøy
Fra nominasjonen
Mona har vore ein av fleire frivillige som har jobba aktivt over fleire år for å få heva ubåten, u-864 som ligg full av kvikksølv utanfor Fedje gjennom gruppa "Hev ubåten", avd Radøy. Mona er talsperson for gruppa. Gruppa har blant anna gjennomført demonstrasjonar, organisert folkemøte og gjennomført underskriftskampanje.
Gruppa reiste til Oslo i haust for å overlevera underskriftene. Dei har eiga gruppe "Hev ubåten No" på Facebook og TikkTokk. Mona med fleire har vore pådrivar for å skapa dialog med regjeringa for å sikra at u-864 skal sikrast og hevast, slik at vestlandskysten si fiskenæring kan bevarast og livet langs kysten kan vera fri for forurensing av kvikksølv.
Gruppa sitt motto er "Redd kysten" og dei har vore og er framleis eit viktig bidrag for å informera lokalsamfunnet og politikare om risikoen med vraket. Mona brenn for at me skal ha ein levande og bærekraftig kyst. Eg håpar ho og gruppa ho arbeider saman kan vere aktuelle for denne viktige prisen.