Nominert til Årets Fyrtårn
Sigvard Michael Madsen
Våge, Tysnes

Fra nominasjonen
Gjennom mange år har Sigvard vore ein sentral drivkraft for nærings- og samfunnsutvikling på Tysnes. Som dagleg leiar i selskap som Tysnes Næring AS og Tysnes Group AS har han spelt ei nøkkelrolle i utvikling og framtidsretting av lokal næring innan eigedom og samfunnsbygging.
Arbeidet hans har styrkt lokale ressursar, lagt til rette for aktivitet og verdiskaping, og skapt trivsel for innbyggarar, næringsliv og tilreisande, samtidig som det har fremja lokal identitet og stoltheit.
Sigvard sitt engasjement for kultur og frivillig sektor kjem særleg til uttrykk gjennom Stiftinga Tysnesfest. Han var med å etablere festivalen i 2007 og har hatt ei sentral rolle i oppbygging og utvikling, mellom anna som tidlegare styreleiar.
Tysnesfest har vorte eitt av dei største kultur- og musikkarrangementa i regionen, samlar årleg tusenvis av menneske og er eit tydeleg uttrykk for fellesskap, lokal stoltheit og identitet – med store ringverknader for både næringsliv og reiseliv.
Sjølv om han ikkje lenger sit i styret, er innsatsen hans avgjerande for festivalen si posisjon i dag. I tillegg har Sigvard vore ein aktiv drivkraft i bevaring og aktivitet rundt veteranbåten M/S Midthordland, ein verdsett kulturhistorisk båt med status som bevaringsverdig.
Sammen med andre eigarar arbeider han målretta for å tilbakeføra båten og skape aktivitetar langs kysten. Dette styrkar folk si tilknyting til sjøen og lokal historie, samtidig som det skaper grunnlag for oppleving, læring og engasjement i lokalsamfunnet.
Gjennom både næringsverksemd og organisasjonsengasjement har Sigvard bidrege til å skapa møteplassar som styrkar lokalt engasjement og deltaking. Prosjekt som Tysnesfest og arbeidet med veteranbåten viser korleis kultur og frivillig innsats kan mobilisere breitt – nettopp den typen initiativ prisen Årets Fyrtårn skal løfte fram.
Eit særleg kjenneteikn ved Sigvard sitt engasjement er langsiktigheita. Han følgjer prosessar heilt fram, byggjer strukturar som gir varige verdiar for lokalsamfunnet, og legg ned ein betydeleg personleg og frivillig innsats utover det som kan forventast gjennom formelle roller. Gjennom dugnadsarbeid, eigeninnsats og frivillig leiing har han vist ekte ildsjelmentalitet, der ønsket om å skapa noko for fellesskapet har vore sterkare enn eigen vinning.
Sigvard er inkluderande og tillitsskapande, noko som har vore avgjerande for å lukkast med både Tysnesfest og lokal utvikling, og som har bidrege til brei lokal oppslutnad og eigarskap.